← Alle hendingar

Anna

Skrivestove

Plakat for Skrivestove

Me fortsett med skrivestove! Etter ein tidligare skriveverkstad med Solveig Johanne Grønstøl i, kom det fram eit ynskje om å starte ei skrivestove i biblioteket – ein uformell møteplass der vi kan skrive saman, dele tekstar og inspirere kvarandre. Det vil bli arrangert nytt skrivekurs i løpet av hausten. Korleis fungerer det? Deltakarane styrer sjølve opplegget. Du kan bruke metodar frå verkstaden med Solveig eller andre teknikkar du likar. Vi legg fram bøker med ulike skriveopplegg som du kan hente inspirasjon frå. + kaffi sjølvsagt. Når møtast vi? Siste torsdag i månaden, kl. 18.00–20.00 i biblioteket. (27.08 - 24.09 – 29.10 – 26.11) Målet er å skape eit levande miljø for skriving – og kanskje få til fleire spanande arrangement saman etter kvart! Spørsmål og påmelding gjerast til bibliotek@bomlo.kommune.no. Velkommen!