Trykk for å sjå plakaten i full storleik Lengtar du etter ro til å lese – utan digitale distraksjonar? Måndag 2. november kl. 18–20 inviterer me til djuplesing i biblioteket. Her kan du sitje heilt i fred i våre flotte lokale og berre lese – utan mobil, skjermar eller forstyrringar. Til denne djuplesingskvelden tilbyr me boka Verdas mest forelska par av Rune Belsvik. Her kan du bli kjent med ein av hans bøker før Belsvik kjem til forfattarsamtale torsdag 5. november kl. 18. Du kan ta med noko anna å lese om du vil det. Påmelding: Send e-post til bibliotek@bomlo.kommune.no og det er gratis. Arrangementet er støtta av Bibliotekutvikling Vestland. Velkommen!