For assistentar
Spør assistenten din
hendingar.no er ein MCP-tenar. Kopla han til Claude, ChatGPT eller ein annan KI-assistent, så svarar han på kva som skjer ut frå lista her — med lenkje og kjelde — i staden for å gjette.
Adressa
https://hendingar.no/mcpSlik koplar du til
Claude
Opne innstillingane, og finn «Connectors» (koplingar).
Vel «Add custom connector», gi han namnet hendingar og lim inn adressa.
Spør til dømes: «Kva skjer på Stord i helga?»
ChatGPT
Slå på utviklarmodus under «Apps & Connectors» i innstillingane.
Lag ei ny kopling med adressa over, utan innlogging.
Claude Code
Køyr dette i terminalen:
claude mcp add --transport http hendingar https://hendingar.no/mcpCursor, VS Code og andre
Legg til ein MCP-tenar av typen HTTP med adressa over. I ei mcp.json ser det slik ut:
{ "mcpServers": { "hendingar": { "url": "https://hendingar.no/mcp" } } }
Kva han kan finne
- Søkje i alle komande hendingar, etter ord, kategori, stad, kjelde eller tidsrom
- Hente ei hending i sin heilskap — skildring, adresse, billettlenkje og kvar ho kom frå
- Ein bestemt dag, denne eller neste helg, eller ei heil veke
- Kva dagar det skjer mest, månad for månad
- Faste aktivitetar med timeplan, og stader som alltid er opne
- Kuratoren sine tre val for helga, med grunngjeving
- Kva kjelder vi hentar frå, og når dei sist vart henta
- Vise det han tilrår som kort med plakat, tid, stad og knappar for kalender og billettar — i assistentar som kan teikne dei
Det vi lovar
- Berre lesing. Ein assistent kan ikkje sende inn, endre eller hjarte noko. Vil du leggje til ei hending, gjer du det på /send-inn.
- Ingen innlogging og ingen nøkkel. Det er dei same opplysningane som står på sida.
- Vi lagrar ikkje kva assistenten spør etter — ikkje søkjeorda, ikkje kva hending, ikkje kven.
- Kvar hending kjem med lenkja si hit og namnet på kjelda, så svaret alltid kan sjekkast.
Model Context Protocol er ein open standard for å gi KI-assistentar tilgang til data. Tenaren er open kjeldekode, som resten av sida.