Trykk for å sjå plakaten i full storleik Måndag 24. august startar eit nytt tilbod i biblioteket. Kl. 16-17 kvar måndag kan pokémon entusiastar møtast i biblioteket for å bytte kort og for å dyrke hobbyen sin. Dette er ein uformell møteplass for ungdom der deltakarane styrer seg sjølv. Ta med ein ven og møt andre som har same interesse som deg. Velkommen!