Trykk for å sjå plakaten i full storleik Me tek opp att festival-tradisjonen med å kombinera fotball og høgtlesing! Dette året blir det hattrick i stas, då forfattar Monica Laupsa er 1) bokdebutant, 2) kjem frå Stord og 3) sjølv deltek på fotballtreninga!
Ungdomsromanen “Førstetouch” kom ut i haust og handlar om tiandeklassingen Tuva. Draumen hennar er å koma inn på toppidrettsgymnaset og få skikkeleg keepertrening. Alt ligg til rette for det, heilt til Sara begynner i klassen. Det er noko ved den nye jenta, og når Sara set auga i Tuva på fotballbanen, mistar ho heilt fokus. Tuva fell pladask, men kva er det eigentleg Sara vil med Tuva?
Monica spelte sjølv på SST den gongen Solid, Stord og Trott hadde felles damelag, og var i mange år del av fotballmiljøet på Stord.
J14 på Trott IL ønskjer velkomne til å sjå på trening frå kl. 18:00, og Monica les i klubbhuset kl. 19:00, med forfriskningar til spelarar og tilskodarar.
Passar frå 12 år og oppover.