Trykk for å sjå plakaten i full storleik Tor Arve Røssland skriv bøker for barn og ungdom. I år er han aktuell med boka "Alt er lov". Alt er lov er ei spennande historie med utgangspunkt i verkelege hendingar frå 2.verdskrig. Handlinga foregår i Bergen og på Os og spinn rundt dei oppdikta personane Astrid og Arne som lev tett på den tyske okkupasjonsmakta. Elevane i 9.klasse ved Rimbareid skule har lese boka, og laga spørsmål til forfattaren. Under bokbadet vil tre elevar intervjue forfattaren. Arrangementet er gratis og ope for alle