Trykk for å sjå plakaten i full storleik Moster Amfi inviterer til teaterworkshop om demokrati i Steinsalen. Saman skal me utforske demokrati, fellesskap og retten til å vera seg sjølv. Gjennom leik, improvisasjon og små teaterscener får deltakarene prøva ut ulike roller, meiningar og situasjonar.
Me skal skal skapa noko saman . med kroppen, stemma ogfantasien som verktøy. Her finst det ikkje fasitsvar, og alle kan delta på sin eigen måte. Du treng ikkje drive med teater i frå før Det viktigaste er at du er nysgjerrig og har lyst til å vera med.
Moster har ein heilt spesiell histore som møteplass: ein stad der menneske har kome saman, diskutert og teke viktige val.
Kurset vert leia av teatarlærar Marco Thomas.