Anna
ME HØYRE TE – TEATERWORKSHOP OM DEMOKRATI
ME HØYRE TE -TEATERWORKSHOP OM DEMOKRATI
13–24 ÅR
Di røyst tel!
Kva betyr det å bli høyrd? Kven får bestemma? Og korleis kan me stå opp for oss sjølve og andre?
I teaterworkshopen utforskar me demokrati, fellesskap og retten til å vera seg sjølv. Gjennom leik, improvisasjon og små teaterscener får deltakarane prøva ut ulike roller, meiningar og situasjonar.
Me skal skapa noko saman – med kroppen, stemma og fantasien som verktøy. Her finst det ingen fasitsvar, og alle kan deltapå sin eigen måte.
Du treng ikkje ha drive med teater før. Det viktigaste er at du er nysgjerrig og har lyst til å vera med!
Moster har ei heilt spesiell historie som møteplass: ein stad der menneske har kome saman, diskutert og teke viktige val.
Workshopen blir halden i Steinsalen på Moster Amfi, eit stemningsfullt rom for å utforska fortida, notida og framtida gjennom teater.
Kurset blir leia av teaterlærar Marco Thomas.
KOR:Steinsalen, Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter
KVA TID:Fredag 13.11. kl. 16:00 –19:00Laurdag 14.11. kl. 10:00 –15:00Framføring laurdag kl. 14:30
PLASSAR:Maks 14 deltakarar
MELD DEG PÅ INNAN:7. november
KORLEIS MELDE SEG PÅ:Skann QR-kode som du finn på plakaten og meld deg på via denne
PRIS:Workshopen er GRATIS!
Kom som du er, di røyst tel, og det er plass til deg!