← Alle hendingar

Musikk

GIMME! GIMME! - An ABBA Experience

6 har opna denne

Plakat for GIMME! GIMME! - An ABBA Experience Trykk for Ä sjÄ plakaten i full storleik

đŸȘ© ✹GIMME! GIMME! ER TILBAKE! ✹đŸȘ©

Etter fĂžrre konsert er me klare for ein ny runde med ABBA-magi! Finn fram glitter og glam, snĂžr pĂ„ deg danseskoa – og gjer deg klar for ein kveld med allsang, energi og skikkeleg god stemning! đŸ•ș💃

Gimme! Gimme! bestĂ„r av sju artistar og musikarar frĂ„ BĂžmlo, med to kvinnelege vokalistar i front og eit solid femmannsorkester i ryggen. Saman byr me opp til dans med ABBA-klassikarane du kjenner og elskar – frĂ„ dei store allsangfavorittane til lĂ„tane det er umogleg Ă„ sitje stille til.

PĂ„ scena:

Marit-Helene – vokal

Mari – vokal

Kenneth – trommer

Stian – gitar

Hans-Gunnar – tangentar

Geir – gitar

Jan Terje – bass

Glitteret skal skinne, allsangen skal ljome og dansegolvet skal leve

– me gler oss til ABBA-fest đŸȘ© ✹

- GIMME! GIMME! An ABBA Experience

DÞrene opnar 20:00, bandet gÄr pÄ scena ca 22:00 18Ärs aldersgrense