Anna
Julejam med Pallebandet
Pallebandet inviterer igjen til julejam på Kulleseidkanalen. Har du lyst, kan du vere med og dra i gang ein låt eller to frå scena. Elles går det like fint å syngje med eller ta ein dans i salen.
Pallebandet har spelt rundt om i Sunnhordland i over 20 år, og repertoaret strekkjer seg frå Bob Marley til Bon Jovi.
Julejammen var utseld i fjor, så sikre deg billett i god tid.
Dørene opnar kl. 20.00 Billett: 430 kr Aldersgrense: 18 år