← Alle hendingar

Anna

MIN kulturverndag

4 har opna denne

Plakat for MIN kulturverndag Trykk for å sjå plakaten i full storleik

Sunnhordland museum inviterar til MIN kulturverndag på Sunnhordlandstunet! Arrangementet er gratis og ope for alle! Gjennom utstillingar, demonstrasjoner og praktiske aktivitetar ønskjer me å samla folk i alle aldrar til kunnskapsutveksling om byggetradisjoner og handverk frå ulike kulturar. Årets tema er mønster og kulturarv i fare. Besøkande kan mellom anna prøva seg på spikking, bygging av laft og handarbeid. Gjennom aktivitetar, samtalar og samarbeid i verkstadane legg me til rette for møte mellom menneske med ulik bakgrunn og erfaring. Sunnhordland er prega av eit rikt kulturelt mangfald, og denne dagen ønskjer me å løfta fram korleis kunnskap om byggeskikker, handverk, mat og tradisjonar kan delast på tvers av kulturar og generasjonar. Samarbeidspartnarar: IKK Stord, Stord husflidslag og HVL