← Alle hendingar

Musikk

VALD HEKS på Gruo pub lørdag 19 september

Plakat for VALD HEKS på Gruo pub lørdag 19 september

Held av datoen! Den 19. september stiller Vald Heks til på Gruo Pub. Vald Heks har spelt saman over mange år, og skal no endeleg debutere med konsert med eiga musikk og coverlåter blir også spelt. Songane deira er i stor grad inspirert av band som Mastodon, Tool, Clutch og High on fire. Det vert ein kveld for dei som likar god stemning og tung rock.

Med sine tre bandmedlem er Vald Heks basert på Stord og Bømlo. Musikken de vil få høyre er deira eigne songar, der både tekstar og melodi spring ut frå eigne erfaringar i møte med tunge opplevingar. Saman vert musikken helbredande og styrkande for gjengen i Vald Heks.

Velkommen til ein kveld prega av piggtrådmusikk med Lemmy-inspirert vokal. Håpar å sjå akkurat deg der!

18 årsgrense fram til kl 01:00