Anna
Verdas mest forelska par
Alle stader i verda finst det forelska folk. Lykkelege og ulykkelege. Dei finst òg i Bløygen; ein liten tettstad med nokre få innbyggarar, lyktestolpe, kommunestyre og blandakor. I Bløygen bur Bidger og Esmiluni. Dei er så forelska at det blinkar i utelampa. Men i Bløygen bur òg Bjørn Diesel, og han har éin stor draum: at Esmiluni skal gå frå Bidger og bli hans i staden.
Ein dag kjem det ein notis i Bløygen Avis: Det skal arrangerast verdsmeisterskap i pludring og romantikk i utlandet. Kommunestyret melder på Bidger og Esmiluni, og investerer tre vekers budsjett på å gjere dei klare. Men Bjørn Diesel kan ikkje berre la dette skje, og dermed er fleire frå Bløygen på veg til utlandet.
I teaterstykket, basert Rune Belsvik si bok med same tittel, møter du menneske som elskar. Som er glade i bygda si, og som eigentleg berre vil ha det bra. Ja, dei håpar til og med på å ha råd til ein gamleheim når dei blir eldre. Kanskje vil det komma fleire turistar til Bløygen etter deltakinga i konkurransen — og kanskje blir det då råd til både lyktestolpe og gamleheim? Bli med inn i universet til Rune Belsvik, og la deg sjarme i senk av både lykkelege og ulykkelege forelska folk.