Møte
Årsmøte og føredrag
Etter årsmøtet vil Terje Lislevand halda føredraget «Rastløse hekkefugler og annen fugleforskning» for oss. Terje Lislevand er professor i zoologi ved Universitetsmuseet i Bergen (UiB) og har mellom anna ansvar for fuglesamlingane til museet.
I føredraget vil Terje fortelja om ulike studiar av både hekkande og trekkande fuglar som han sjølv har halde på med, på feltarbeid både nord og sør i landet. Moderne peilemetodar har gjort det mogleg å følgja flygemønstera til trekkfuglane i detalj på ein måte som forskarane for få år sidan berre kunne drøyma om. Nokre gongar er resultata òg temmeleg overraskande.
Vel møtt!