Møte
Føredragskveld
Onsdag 12. november inviterer BirdLife Sunnhordland til føredragskveld på Stord. Føredragshaldar er Stein Rune Risa, ein relativt fersk fuglekikar. Etter at fugleinteressa kom som kasta på han for eit par år sidan, har han på kort tid bygd opp ein imponerande portefølje – både når det gjeld talet på artar han har observert og fuglar han har fått gode bilete av.
Denne kvelden vil han dela tankar og bilete frå den intense perioden frå dei første stega som fuglekikar og fram til i dag – med oppturar, nedturar og ikkje minst mange flotte møte med fugl.
Arrangementet er gratis og ope for alle. Vel møtt!
Føredraget vil gå føre seg i dei splitter nye lokala til Stord VGS, Vikastemmo 35, rom 2021