Møte
Foreldremøte med ungdomsrådet
Med utgangspunkt i arbeidet med UNGDATA undersøkinga i 2024 snakkar Bømlo ungdomsråd om kva ungdommar på Bømlo ønskjer seg av foreldra sine. Er det slik at ein berre vil ha fridom til å gjere kva som helst, at kun meiningane til dei jamaldrande som tel etc., eller ser dette kanskje litt annleis ut? Ungdommen snakkar, det blir litt faktainformasjon og dei føresette får lov til å jobba litt dei og. Bømlo ungdomsråd har i no i ei årrekkje arbeid under mottoet «Ungdom ved roret» kor det er lagt vekt på å gje ungdom verktøy til å kunne stå opp for meiningane sine og sjølv ta regien. Det er ungdommen som skal bestemme innhaldet og vaksenpersonar rundt dei skal bidra der det er nødvendig.