← Alle hendingar

Møte

Foredrag om skjermbruk

Plakat for Foredrag om skjermbruk

Kommuneoverlege Anne Marit Særsten Halvorsen og kommunepsykolog Øivind Johnsen har siste 1,5 år hatt foredrag for foreldre og tilsette i skulane om korleis skjerm påverkar helsa vår, og også gitt foreldre råd om grensesetting. I kulturhuset vil dei ta med mykje av den kunnskapen dei har formidla tidlegare om kvifor vi så lett blir avhengige av skjerm, og kva konsekvensar skjermbruk kan ha for oss. Med meir inngåande kunnskap om konsekvensar av skjermbruk, slik at ein har eit større beslutningsgrunnlag for å ta gode val for seg sjølv.

Foredraget passar for ungdom og vaksne