Kyrkjeliv
Tru:D 11 LysVaken Moster
Har du lyst til å vera med på noko spennande? Vil du vera med på LysVaken og overnatta i kyrkja? LysVaken handlar om å vera lys vakne for det som skjer rundt oss; me skal bry oss om kvarandre, bli kjent med Gud og oss sjølv.
Me skal høyra bibelforteljingar, leika, bli kjende med kvarandre, syngja ilag, eta god mat og sist, men ikkje minst overnatta i kyrkja.
På søndag et me frukost saman, før me førebur oss til gudstenesta me skal delta i.
Gudstenesta søndag 10. november startar kl.11.00 og er open for alle. Inviter gjerne med deg foreldre, besteforeldre, søsken, fadrar og vener.
Du kan sjølvsagt vera med på LysVaken utan å overnatta i kyrkja!