Kyrkjeliv
Jubileum for dåp Lykling og Bømlo
I år er det 10 år sidan du vart fødd, og då er det kanskje også ca. 10 år sidan du vart døypt? I dåpen fekk du vatn tre gonger på hovudet ditt, presten teikna eit korsmerke over deg. Og så vart du eit Guds barn, døypt inn i kyrkjelyden og i den verdsvide kyrkja.
Me lagar til ei fest i Moster kyrkja, måndag 29. september kl.16.30-18.30 for deg og dei andre som er fødde 2015.
Meny: Pølser i brød og is
På jubileumsfesten blir det ulike aktivitetar, bibelforteljing, song, mat og me skal snakka om kva dåpen er.
Siste frist for påmelding er fredag 26. september.