Anna · Bømlo
Kvinner og felleskap. Ein møtestad for kvinner
Trykk for å sjå plakaten i full storleik Har du lyst til å bli kjent med nye menneske, få nye vennskap og vere ein del av eit godt fellesskap? Torsdag 5. november kl. 19-21 inviterer Kvinner og fellesskap, ei undergruppe av 8. mars initiativet Bømlo, til eit nytt møte her i biblioteket. Dei er ei ny gruppe for kvinner der dei ønskjer at ein kan: bli kjent og bygge nye vennskap skape nye opplevingar og aktivitetar i lag støtte, inspirere og heie på kvarandre skape ein trygg og inkluderande møtestad motverke einsemd og utanforskap Alle kvinner er velkomne – uansett alder, bakgrunn og livssituasjon. Kom som du er, me håper å sjå deg. Ta gjerne turen på forfattarsamtalen med Rune Belsvik kl. 18 før møtet. Velkommen!