← Alle hendingar

Musikk · Bømlo

Akustisk jul i løo

Plakat for Akustisk jul i løo Trykk for å sjå plakaten i full storleik

Me gjentek suksessen frå i fjor, og 11. og 12. desember inviterer me til akustisk julekonsert i den julepynta løo på Gåsland. Her blir det julestemning, julekjeks, julegløgg og vakker julemusikk framført av Ingrid og Jan Ove. I år tek dei òg med seg Hans Olav, så då blir det (om mogleg) enno koselegare enn i fjor. Ikkje gå glipp av denne unike moglegheita til å komme i skikkeleg julestemning!! Arrangementet har skjenkeløyve og difor 18 års aldersgrense. Det er begrensa med parkering, så me tilrår alle som kjem til å gå eller samkjøre. Julehelsingar frå Gaasland Gard Fest og Basar.