Trykk for å sjå plakaten i full storleik CHARLIE HARPER er eit romantisk og fargerikt drama om ung kjærleik, store draumar og dei mange vala i livet. Når Charlie og Harper flyttar til ein ny og pulserande by, ligg alt til rette for eit spennande kapittel i livet. Men etter kvart som ambisjonane veks og kvardagen melder seg, blir forholdet deira sett på prøve. Med ei herleg blanding av romantikk, humor, nostalgi og sårbare augeblikk tek filmen oss med på ei attkjenneleg reise gjennom oppturar og nedturar i kjærleiken. For er kjærleik alltid nok?