← Alle hendingar

Kino · Stord

Julenissens verksted

1 har opna denne

Plakat for Julenissens verksted Trykk for å sjå plakaten i full storleik

Då ni år gamle Mari vaknar ei natt og oppdagar ein nisse på soverommet sitt, blir det starten på eit juleeventyr utanom det vanlege. Med ein gjenglemd nissevott som einaste spor legg ho, farmor og ein svært skeptisk pappa ut på ei eventyrleg ferd for å finne julenissen, medan eigaren av votten, nissen sin vesle hjelpar Stompen, gjer alt han kan for å stanse dei. For Julenissens verkstad kan nemleg ikkje bli oppdaga – det ville vore ein katastrofe!

Ferden går gjennom skog, hei og vakre vinterlandskap. Men utfordringane er mange – dei må òg forbi skogens vaktar, Kjerringa med staven, og kjempe seg gjennom ein frykteleg snøstorm.

Reisa er ikkje berre spennande – ho opnar òg auga til familien for kvarandre, og til slutt innser dei kva den verkelege magien i jula er.

Gjer deg klar for årets julefilm for heile familien, stappfull av julestemning og kjende songar av Thorbjørn Egner, som «Kaptein Sorte Bill», «Dyrene i Afrika» og «Det snør det snør» – framførte av nokre av landets fremste artistar, mellom andre Sissel Kyrkjebø.