← Alle hendingar

Festival · Stord

Alfabetjakta

1 har opna denne

Plakat for Alfabetjakta Trykk for å sjå plakaten i full storleik

Kva ord passar ikkje inn her? Då er du på sporet av neste bokstav! Forfattar Sunniva Relling Berg tek med barna på ei vilter alfabetjakt full av morosame og rare ord. Her skal ein finna den neste bokstaven i alfabetet ved å leita etter ordet som ikkje passar inn.

I denne fargerike framsyninga får barna møta alt frå spennande dyr til store køyretøy. Dei kan kjenna att kvardagslege ting som dusj og heis, og undra seg over snåle ord som quinoa og unbraco.

Kom og bli med på jakta saman med forfattaren!