← Alle hendingar

Kino · Stord

Wildwood

1 har opna denne

Plakat for Wildwood Trykk for å sjå plakaten i full storleik

Når veslebroren hennar blir bortført av ein flokk kråker, legg tenåringen Prue McKeel ut på eit desperat redningsoppdrag i ein skog som gøymer seg like utanfor Portland i Oregon. Saman med den klønete, men lojale klassekameraten Curtis Mehlberg, må Prue finne vegen gjennom ei verd fylt med snakkande dyr, bandittar og mektige skikkelsar. Når dei oppdagar at heile skogen er truga, må Prue finne motet ho treng for å redde både veslebroren og Wildwood.