Trykk for å sjå plakaten i full storleik Mia har alltid kjent seg feilplassert i den perfekte småbyen Primrose Valley, og i sin eigen familie. Etter ei dramatisk hending på skulen blir ho mot sin vilje send til Rotwood Academy, ein isolert og gåtefull internatskule. Der oppdagar ho raskt sanninga: Alle dei andre elevane er ekte monster. For fyrste gong kjenner Mia at ho høyrer til. Men i det ho omfamnar det å vere annleis, avslører ho ein mørk plan som trugar alle menneska. No må Mia velje mellom trygg tilhøyrsle og motet til å gjere det rette.