← Alle hendingar

Kurs

Fridykking på Rongevær med DNT ung (16-25 år)

3 har opna denne

Plakat for Fridykking på Rongevær med DNT ung (16-25 år) Trykk for å sjå plakaten i full storleik

Fridykking på Rongevær med DNT ung (16-25 år)

Har du lyst til å testa ut fridykking i mekka av vakker vestlandskyst? Då må du vera med DNT ung på tur til Rongevær kysthytte 3-4 april!

Me tek turen til Rongevær kysthytte den første helga i april og lagar oss ei koseleg helg mens me prøvar ut fridykking.

Laurdag:

Vi møtes på Bergen busstasjon og tek bussen ut til Sævrøyna snuplass før me går ca. 1.5 km ut til Baløy og finn oss ein båt før vi ror over til Rongevær kysthytte. Deretter blir det ein rask pause med mat før me møter instruktørane våre som tek oss igjennom grunnleggjande teknikk, utstyrsbruk, sikkerheit og tips og triks me kan ta med oss ut i vatnet.

Fridykking handlar om å utforska verda under vassoverflata kun med bruk av våre eigne lunger. Her er det mogleg å hiva seg med anten ein har mykje erfaring eller aldri har testa fridykking før. Me brukar dei lyse timane av dagen til å utforska sunda mellom øyene og henta opp skattar frå djupet. Etter dykkinga finn vi oss til rette i naustet og setter i gang med middagslaging.

Sundag:

Etter me har laga ein felles frokost blir det enda eit dykk, deretter vasker me oss ut av hytta før me ror attende til fastlandet og tek bussen attende til Bergen. Me er tilbake til Bergen ca. 19.10.

Mat:

Turledarane tar med middag og litt snacks. Deltakarane må ta med eigen mat til lunsj lørdag og frokosu/lunsj søndag.

Pakkeliste:

Klær for årstida/været, håndkle og badetøy.

Oppmøte:

07:15 på Bergen busstasjon plattform J.

Generelle vilkår ved påmelding:

Les generelle vilkår

Pris:

1150,- for medlemmer, 1525,- for ikke-medlemmer. Meld deg inn her om du ønsker medlemskap. Prisen dekker overnatting på Rongevær, middag lørdag, instruksjon, og turledelse. Bussbillett må den enkelte kjøpe selv.

Merk at det er mulig å søke om gratis deltakerplasser

Turledere:

Tuva og Hanne

Spørsmål?

Har du spørsmål, kontakt Bergen og Hordaland Turlag på e-post bht@dnt.no eller tlf. 55 33 58 10