← Alle hendingar

Møte

Reiselivssamling

Me ønskjer å invitere me medlemmar innan reiseliv og turisme til ei samling i Moster Amfi.

Målet med møtet er å inspirere til erfaringsutveksling, kontakt/samarbeid mellom dei ulike aktørane. Det legges opp til enkel lunsj servering for dei som ønskjer, då betaler ein sjølv i kafèen.

_Møteleiar: Nina Meldahl Olsen/Ragnfrid Sønstabø_

**Agenda:**

- Korleis har årets sesong vært?

- Kva erfaringar har me gjort?

- Vidare mot 2026

- Korleis arbeider me opp mot Visit Sunnhordland? - Kor er me på kartet? - Korleis arbeider me for å utvikle oss? - Kva kan me lære av kvarandre?

Me håpar at du set av datoen i kalenderen og tek turen til Moster Amfi for ei hyggjeleg samling med kollegar i same bransje.

_Påmelding til post@bomlonr.no innan 31. oktober._