BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//hendingar.no//NONSGML hendingar//NN
CALSCALE:GREGORIAN
METHOD:PUBLISH
BEGIN:VEVENT
UID:hending-936@hendingar.no
DTSTAMP:20261002T185852Z
DTSTART:20270409T170000Z
DTEND:20270409T192000Z
SUMMARY:Riksteatret: 1984 dub
DESCRIPTION:Kunsten å overvake (seg sjølv)\n\n«Tankeforbryting»\, «Sto
 rebror ser deg»\, «Kald krig» og «2+2=5». Begrepa stammar frå George
  Orwell\, forfattaren bak klassikarar som Animal Farm og 1984. I dei urole
 ge 1930- og 40-åra blei den britiske forfattaren intenst opptatt av å av
 sløre totalitære system og verne om enkeltmennesket midt i ein straum av
  politisk retorikk og masserørsler frå ytste venstre til ytre høgre.\n\
 nKor finst\, og finst eigentleg\, sanning og fridom når ideologisk kamp t
 ar over alt? Er vi menneske villige til å gjere kva som helst for å få 
 eller halde på makt – frå å forfalske vår eiga historie til å angje
  eller kansellere våre nærmaste?\n\nFrå ei anna uroleg tid\, nemleg vå
 r eiga\, møter regissør og dramatikar Tore Vagn Lid Orwell i ei ny musik
 alsk framsyning som spelar vidare på det fengande og farlege universet ha
 ns. Med utgangspunkt i kjærleikshistoria i kjernen av romanen 1984\, beve
 ger Vagn Lid seg gjennom Orwells forfattarskap og ut i vår samtid.\n\nHer
  er det ikkje lenger i like stor grad «Partiet» og «Storebror» som st
 år for overvakinga. I algoritmanes og den kunstige intelligensens tidsald
 er kan overvaking i større grad handle om kunsten å overvake seg sjølv.
 \n\nPå scenen møter du Trond Espen Seim\, Jonas Strand Gravli\, Maria Om
 arsdottir Austgulen\, Torbjørn Berglund Eriksen\, Hanna-Maria Grønneberg
  og Eirik Fosstveit.\n\nFramsyningslengde: 2 timar 20 minutt (inkludert pa
 use).\n\nUrpremiere i Oslo\, Nydalen 25. februar 2027\nTurnépremiere i Sa
 ndefjord 3. mars 2027\n\nAv Tore Vagn Lid\, fritt etter George Orwell. Reg
 issør Tore Vagn Lid. Scenograf Kyrre Bjørkås. Lysdesignar Martin Myrvol
 d. Kostymedesignar Charlotte Høyem Osburg. Grafikk og modellarbeid Julia 
 Jayko Fossland. Produsent Silje Vigerust Vinjar. Produsert av Riksteatret.
 \n\nhttps://bomlo.aktivitetforalle.no/arrangement/3328
LOCATION:Storsalen
URL:https://hendingar.no/hending/936-riksteatret-1984-dub
END:VEVENT
END:VCALENDAR
