BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//hendingar.no//NONSGML hendingar//NN
CALSCALE:GREGORIAN
METHOD:PUBLISH
BEGIN:VEVENT
UID:hending-784@hendingar.no
DTSTAMP:20260906T104917Z
DTSTART:20261009T190000Z
SUMMARY:Bjørn Moe (Stord Jazzfest)
DESCRIPTION:Rytmisk\, tøff\, kreativ og varm konsert med BJØRN MOE.\n\nBj
 ørn Moe er allereie kjent av mange som ein dyktig og kreativ trommis og h
 ar gjennom dei siste åra også trollbunde mange med si sjelfulle og kraft
 ige stemme. Etter å ha «gøymt seg» bak trommene i nesten 40 år\, gav 
 han ut sin første eigenkomponerte låt «The Book» i 2021 og sitt debuta
 lbum «Angel Number Seven» i 2023\, der han også viste seg fram som ein 
 habil låtskrivar\, tekstforfattar og vokalist. Releasekonsertane selde ti
 l fulle hus og hausta lovord frå både publikum og arrangørar.\n\nI 2025
  gav han ut den norske singelen "Horisont"\, og no er han tilbake med flei
 re nye utgivelsar og konsertar i løpet av 2026. Den første låten i år\
 , «Burn The Bridges» blei sleppt 23. januar. Neste låt "Fortuneteller" 
 kjem 29. mai.\n\nBjørn Moe har etablert sin heilt eigen stil\, både som 
 komponist\, låtskrivar og vokalist\, der den lange erfaringa som trommis 
 skin tydeleg gjennom i alt han gjer. Han hentar inspirasjon frå heile ver
 da sitt rytmelandskap\, og han tar like gjerne ein tur til Afrika som til 
 Midt-Austen eller Karibien. Dei kreative rytmevala\, saman med ei djup og 
 sjelfull stemme\, gir Bjørn Moe sine låtar ein heilt særeigen karakter 
 og ein personleg signatur. Han serverer spenstige rytmar og djupe og finur
 lege tekstar\, og han blir rost for den fine formidlingsevna.\n\nSjølv om
  Bjørn Moe i hovudsak flyttar seg i landskapet pop og rock\, har musikken
  hans element frå både jazz og world-music\, noko som skaper ein ekstra 
 spanande atmosfære for lyttarane. Det kjem ofte opp navn som David Bowie\
 , Peter Gabriel og David Coverdale når ein leitar etter nokon å samanlik
 na vokalen hans med.\n\nPå livekonsertar spelar Bjørn Moe trommer og syn
 g\, ein kombinasjon som ikkje veldig mange gjer!\n\nI livebandet har han m
 ed seg eit knippe velrenommerte og erfarne musikarar frå Vestlandet.\n\nB
 andet:\n\nBjørn Moe – vokal og trommer\n\nKjell Arne Bauge – gitarar\
 n\nSvein Henning Berstad – bass\n\nEinar Sogstad- tangentar\n\nhttps://a
 llevents.in/haugesund/bj%C3%B8rn-moe-stord-jazzfest/200030649788415
LOCATION:Stord Hotell
URL:https://hendingar.no/hending/784-bjoern-moe-stord-jazzfest
END:VEVENT
END:VCALENDAR
