BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//hendingar.no//NONSGML hendingar//NN
CALSCALE:GREGORIAN
METHOD:PUBLISH
BEGIN:VEVENT
UID:hending-782@hendingar.no
DTSTAMP:20260906T104932Z
DTSTART:20260919T170000Z
SUMMARY:TID – Lars Saabye Christensen/Steinar Raknes med band
DESCRIPTION:Eit unikt samarbeid som blir støtta av dei strålande musikara
 ne Knut Reiersrud\, Andreas Utnem og Per Oddvar Johansen.\n\nPlata TID kom
  heilt på slutten av fjoråret\, med tekstar av Lars Saabye Christensen o
 g låtar av Steinar Raknes. Dette er låtar som handlar om tid; tida vi le
 ver i\, tida vi har\, tida vi får\, tida vi har igjen og tida kloden har 
 igjen. Raknes har med seg nokre av landet sine beste musikarar\, og med kj
 ærleik til rootsmusikk\, americana\, blues og norsk visetradisjon har dei
  laga ei nydeleg plate. Bandet er akustisk og består av: Steinar Raknes -
  kontrabass/vokal\, Andreas Utnem – trøorgel\, Knut Reiersrud - munnspe
 l/gitar\, Per Oddvar Johansen - trommer/sag og Lars Saabye Christensen - p
 oesi\, lesing. (På plata er det Mickey Raphael på munnspel\, frå Willie
  Nelson band.)\n\nSteinar Raknes (1975…) er ein av dei mest anerkjende b
 assistane i landet. Han har vore aktiv på norske og utanlandske jazzscena
 r sidan 90-talet. Han har samarbeida med internasjonale storleikar som Chi
 ck Corea og norske stjerner som Tord Gustavsen og Ola Kvernberg. Han er og
 så kjend som låtskrivar og vokalist i sitt eige prosjekt Stillhouse der 
 han bl.a. samarbeider med Unni Wilhelmsen.\n\nAndreas Utnem (1973…) er e
 in norsk jazzmusikar\, komponist og arrangør. Han har i hovudsak jobba me
 d musikk til teater\, film og fjernsyn. I tillegg har han vore musikar på
  ei rekke album. Han jobbar til dagleg som kantor og musikalsk leiar i Tø
 yenkirka i Oslo. Han har komponert musikalske liturgiske ledd for høgmess
 a og salmar med blant andre Edvard Hoem og Jon Fosse.\n\nKnut Reiersrud (1
 961…) er ein norsk bluesgitarist og komponist\, kjend frå ei rekke sama
 rbeid i ulike musikksjangrar\, ei lang rekke plateproduksjonar under eige 
 namn og bidrag til rundt tre hundre innspelingar. Reiersrud har vore utøv
 ande musikar siden byrjinga av 1970-talet og har vunne tre Spellemannspris
 ar.\n\nPer Oddvar Johansen (1968…) er ein norsk trommeslagar\, kjend fr
 å bl.a. Trondheim Kunstorkester og samarbeid med Trygve Seim\, Vigleik St
 oraas og Christian Wallumrød. Bandet The Source har vore eit viktig bidra
 g til nyare norsk jazz. Han har pelt i Steinar Raknes sitt band Stillhouse
  i mange år.\n\nLars Saabye Christensen (1953…) er ein forfatter med da
 nsk og norsk statsborgarskap. Han har alltid budd i Noreg\, skriv på nors
 k og handlinga i litteraturen hans finn stad i Noreg. Han er ein produktiv
  og allsidig forfattar og ein av Noreg sine mest populære forfattarar i s
 in generasjon. Han har i fleire samanhengar samarbeida med musikarar og er
  kjend for sine musikalske framføringar av eigne dikt.\n\nBandet er akust
 isk og består av:\n\nSteinar Raknes – bass\n\nAndreas Utnem – trøorg
 el\n\nKnut Reiersrud – munnspel\, gitar\n\nPer Oddvar Johansen – tromm
 er\n\nLars Saabye Christensen – poesi\, lesing\n\nhttps://allevents.in/e
 vents/tid-lars-saabye-christensen-steinar-raknes-med-band/200030422418051
LOCATION:Stord Kulturhus
URL:https://hendingar.no/hending/782-tid-lars-saabye-christensen-steinar-ra
 knes-med-band
END:VEVENT
END:VCALENDAR
