BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//hendingar.no//NONSGML hendingar//NN
CALSCALE:GREGORIAN
METHOD:PUBLISH
BEGIN:VEVENT
UID:hending-668@hendingar.no
DTSTAMP:20261030T013013Z
DTSTART:20270409T170000Z
DTEND:20270409T192000Z
SUMMARY:Riksteatret: 1984 dub
DESCRIPTION:**Kunsten å overvake (seg sjølv)**\n\n«Tankeforbryting»\, 
 «Storebror ser deg»\, «Kald krig» og «2+2=5». Begrepa stammar frå G
 eorge Orwell\, forfattaren bak klassikarar som Animal Farm og 1984. I dei 
 urolege 1930- og 40-åra blei den britiske forfattaren intenst opptatt av 
 å avsløre totalitære system og verne om enkeltmennesket midt i ein stra
 um av politisk retorikk og masserørsler frå ytste venstre til ytre høgr
 e.\n\nKor finst\, og finst eigentleg\, sanning og fridom når ideologisk k
 amp tar over alt? Er vi menneske villige til å gjere kva som helst for å
  få eller halde på makt – frå å forfalske vår eiga historie til å 
 angje eller kansellere våre nærmaste?\n\nFrå ei anna uroleg tid\, nemle
 g vår eiga\, møter regissør og dramatikar Tore Vagn Lid Orwell i ei ny 
 musikalsk framsyning som spelar vidare på det fengande og farlege univers
 et hans. Med utgangspunkt i kjærleikshistoria i kjernen av romanen 1984\,
  beveger Vagn Lid seg gjennom Orwells forfattarskap og ut i vår samtid.\n
 \nHer er det ikkje lenger i like stor grad «Partiet» og «Storebror» so
 m står for overvakinga. I algoritmanes og den kunstige intelligensens tid
 salder kan overvaking i større grad handle om kunsten å overvake seg sj
 ølv.\n\nPå scenen møter du Trond Espen Seim\, Jonas Strand Gravli\, Mar
 ia Omarsdottir Austgulen\, Torbjørn Berglund Eriksen\, Hanna-Maria Grønn
 eberg og Eirik Fosstveit.\n\nFramsyningslengde: 2 timar 20 minutt (inklude
 rt pause).\n\n**Urpremiere i Oslo\, Nydalen 25. februar 2027**\n**Turnépr
 emiere i Sandefjord 3. mars 2027**\n\nAv Tore Vagn Lid\, fritt etter Georg
 e Orwell. Regissør Tore Vagn Lid. Scenograf Kyrre Bjørkås. Lysdesignar 
 Martin Myrvold. Kostymedesignar Charlotte Høyem Osburg. Grafikk og modell
 arbeid Julia Jayko Fossland. Produsent Silje Vigerust Vinjar. Produsert av
  Riksteatret.\n\nhttps://bomlo.aktivitetforalle.no/arrangement/2011
LOCATION:Storsalen
URL:https://hendingar.no/hending/668-riksteatret-1984-dub
END:VEVENT
END:VCALENDAR
