BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//hendingar.no//NONSGML hendingar//NN
CALSCALE:GREGORIAN
METHOD:PUBLISH
BEGIN:VEVENT
UID:hending-667@hendingar.no
DTSTAMP:20261030T023035Z
DTSTART:20270313T160000Z
DTEND:20270313T171500Z
SUMMARY:Riksteatret: Kakejazz
DESCRIPTION:**Når barna får styre showet!**\n\nHar du nokon gong vore ål
 eine heime og bakt kake heilt utan oppskrift? Akkurat sånn kjennest det n
 år Riksteatret inviterer små og store inn i den sprudlande familieframsy
 ninga «Kakejazz». Her er det klart for kakefest\, kaos og kreative krums
 pring.\n\nFamilien Grytebust skal bake kake\, men så ringer telefonen! De
 t er frå jazzklubben Den blå mugge. Eit jazzorkester har avlyst\, og no 
 må dei ha mamma og pappa på scenen med éin gong. Straks døra lukkar se
 g bak dei\, opnar det seg ei herleg ny moglegheit. No kan barna lage akkur
 at den kaka dei sjølv vil\, og blande inn kva som helst! Men kva skjer n
 år dei tømmer urna med bestefar oppi røra?\n\n«Kakejazz» boblar av hu
 mor\, rytme og skaparglede. Gunnar Eiriksson er ein lur og leiken regissø
 r og veit akkurat kva som skal til for å få barna til å lene seg fram i
  stolen og dei vaksne til å le med.\n\nOg kven veit\, kanskje får du ogs
 å smake på kaka!\n\nFramsyningslengde: 1 time 15 minutt (ingen pause).\n
 Passar for barn frå 5 år.\n\n**Urpremiere i Oslo\, Nydalen 27. januar 20
 27**\n**Turnépremiere i Tromsø 3. februar 2027**\n\nMed Tiril Heide-Stee
 n\, Julia Sørensen\, Martin Hopland Dyngeland\, Kim Helge Strømmen\, Jon
  Vegard Hovdal\, Peder Varkøy og Julie Falkevik Tungevåg.\n\nAv Gunnar E
 iriksson. Regissør Gunnar Eiriksson. Scenograf og kostymedesignar Mari Lo
 therington. Komponist og musikalsk ansvarleg Espen Mauno. Lysdesignar Math
 ias Langholm Lundgren. Lyddesignar Morten Haug Serigstad. Dramaturg Kristo
 fer Blindheim Grønskag. Produsent Anita Basmo Bjørnstad. Produsert av Ri
 ksteatret.\n\nhttps://bomlo.aktivitetforalle.no/arrangement/2007
LOCATION:Storsalen
URL:https://hendingar.no/hending/667-riksteatret-kakejazz
END:VEVENT
END:VCALENDAR
