Sport
Tur 1 Ellingsdalsvatnet - Morkavatnet
2 har opna denne
Turen går frå Rydlandssago og opp lia like nedafor elva på Stordsida, til ein kjem til ein skogsveg og følgjer denne forbi Nordre Ellingsdalsvatnet. Så går me opp Nordre Ellingsdalen, svingar så aust/nordaustleg retning forbi Morkatjødno til Morkavatnet. Så følgjer me den merka stien på vestsida av Morkavatnet og går tilbake til parkeringsplassen ved Rydlandssago. Delar av turen går på skogsveg, noko på merka sti og noko utan sti.
Avreise frå Vabakkjen kl. 10.00, frå Rydlandsago kl. 10.20.
Turen er 6,3 km og 260 høgdemeter
Turleiarar: Lars Rydland tlf 90699673 og Tore Edmund Landa tlf 93204501