← Alle hendingar

Anna

Drapet på Benjamin Hermansen

Plakat for Drapet på Benjamin Hermansen

Me følgjer kampen til Marit i retten og gjennom tilbakeblikk til livet før tragedien blir to lagnader vovne saman. Benjamin vaks opp omgjeve av vener og ei mor som tek vare på han, medan Joe Erling blir forma i eit miljø prega av omsorgssvikt. Begge bur i område med låg sosial status. Benjamin opplever at politiet stigmatiserer han og Joe Erling glir inn i det nynazistiske Boot Boys-miljøet på leit etter tryggleik. Filmen skildrar kor sårbart det er når unge gutar prøver å finna ut av seg sjølve og kvar dei høyrer til – og kor katastrofale konsekvensane kan bli når hatet får rom til å gro.

25 år etter drapet på Benjamin Hermansen er dette ei historie me framleis må fortelja – om rasisme, tap og håpet om forsoning i eit samfunn som ikkje må gløyme.