Anna
Tilbake til Tottori
1 har opna denne
Filmen følgjer Billie (12) og Vega (16), seks år etter hendingane i den fyrste filmen. Familien er i oppløysing, og Billie lengtar attende til styrken ho og systera ein gong fann saman, det dei kalla superkrafta si. Med det analoge kameraet til faren som følgjesvenn legg Billie ut på ei reise som blir både fysisk og kjenslemessig. Undervegs møter ho menneske og situasjonar som utfordrar henne, men som også gjev henne meistring. Ho må stole på seg sjølv, improvisere og handtere det uføresette.
Karakterane er seks år eldre enn i "Tottori! Sommeren vi var alene" og målgruppa har vakse med karakterane. Filmen eignar seg godt for barn og ungdom mellom 8 og 14 år.