← Alle hendingar

Musikk

Stord Soul Children

Plakat for Stord Soul Children

Nokre gonger har vi eigen “Teens”-øving for dei frå 7.trinn og oppover frå 19.30-20.00. Det hender også at det blir ekstra-øvingar ved behov. Av og til vert det felles fram til kl 20 (t.d. juleavslutningar og gonger vi har kveldsmat). All informasjon i koret blir gjeve i appen Spond (gruppekode GYXKP). Her legg vi inn øvingar, opptredenar og andre aktivitetar, og kommuniserer med medlemmer og føresette. Medlemskontingent er 400 kr per år, 300 for søsken. Soul Children-konseptet har eit kristent verdigrunnlag, og mange songar har kristne tekstar, men vi legg vekt på at alle er velkomne som dei er, og at barn og unge skal få høve til å tenke sjølv og oppleve eit trygt og inkluderande miljø.