← Alle hendingar

Kurs

Førstehjelpskurs - FULLTEIKNA

**Etter innspel frå medlemsbedrifter vil me no tilby eit kurs i førstehjelp. Det er mange bedrifter i næringsrådet som møter mykje folk gjennom jobben sin, og ein veit aldri når ein plutseleg kan få bruk for slik kunnskap. Me er heldige som har fått Sissel Habbestad til å halda kurset, der ho vil gje ei god innføring i førstehjelp.**

_Kort om Sissel og kurset:_

_⁠«Eg heiter Sissel Habbestad og jobbar til dagleg i ambulansen på Bømlo. Har jobba der i 15 år. Dei 2 siste åra har eg jobba 75% på bil og 25% som fagutviklar i ambulansetenesta i Helse Fonna. I den jobben får eg følgje med på utviklinga av faget. Eg har også dei siste 10 åra halde førstehjelpskurs._

_Primært så er eg innleigd av Stiftelsen Norsk Luftambulanse, og held mange kurs for dei kvart år. Der har eg ansvar for akutthjelper-opplæringa av brannmannskap. Elles så har eg holdt ein del kurs her i lokalsamfunnet når eg har ledig kapasitet._

_Eg ynskjer at du skal få auka kunnskap om det å hjelpe sjuke eller skadde personar._

_Kurset er lett forståeleg, og passar for alle. Du treng ingen kunnskapar frå før._

_På kurset så snakkar me om kva du gjer dersom du møter på ein sjuk eller skadd person, og snakkar litt om dei vanlege ting du møter på._

_Me tar og ein god gjennomføring på HLR (hjarte lungeredning) med hjartestartar. Du får øva på dokker.»_

Håper du har anledning til å delta på dette viktige kurset, som finn stad i kommunestyresalen i Bømlo Rådhus.

**Pris:** Medlemmer i Bømlo næringsråd: 700,- Ikkje medlem i Bømlo næringsråd: 1095,-

Frist for påmelding: 17. februar 2023 til heidi@bomlonr.no.