Kurs
Atheno StartOpp kurs
**Går du med ein gründer i magen?**
Det er mange ulike spørsmål som dukkar opp når ein har ein god idé som ein ynskjer å realisere i eit produkt eller ei teneste. 14. mars arrangerer Atheno kurs i Storsalen i Moster Amfi, der du kan få svar på nokre av desse.
På dette kurset vil du få ei kort innføring i kva som er viktig å tenke på i samband med ei etablering.
- Korleis går ein fram med ein ide? - Finansiering - Marknadsundersøking - Forretningsmodell/plan - Nettverk - Gode hjelparar
**Påmelding til**[reidun@atheno.no](mailto:reidun@atheno.no "mailto:reidun@atheno.no") innan torsdag 9 mars.
**Kurset er gratis og ope for alle i Sunnhordland.** (Dersom ein har meldt seg på, men ikkje møter, vil ein bli fakturert kr. 300).
**Kurshaldar:**Agnete Braathen, Atheno AS
**Gjester/gründarar:** Kurt Magne Kvernøy, i4factory og Nina Haara Matre, Rørsle