Kurs
Kurs i presentasjonsteknikk - AVLYST
**Kurset vart AVLYST grunna for få påmelde.**
Bømlo næringsråd vil tilby medlemmene kurs i presentasjonsteknikk. Me har knytt til oss Marco Thomas (www.learntofly.no), som er teaterpedagog, skodespelar og foredragshaldar.
Marco er engasjerande, og han har ei framifrå evne til å løfte fram deltakarane til å yte sitt beste. Han har arbeidd med presentasjonsteknikk for leiarar i mange år.
**Kurset er svært nyttig for alle som med jamne mellomrom held innlegg og presentasjonar for andre. Også svært relevant for alle som arbeider med sal.**
Korleis sikre godt innsal i møte med kunde, direkteprat 1:1, «heis-pitch» m.m. Du har berre ein sjanse til å gjere eit godt fyrsteinntrykk! Lær om:
- Kroppsspråk - Korleis bruke hendene - Min verknad på andre - Sjølvsikker framom andre - Korleis handtere nervøsitet - Bruk av stemme/språk - Korleis starte/avslutte ein presentasjon • Korleis få merksemda tilbake - Korleis oppfattar andre deg
Alt dette gjennom praktiske øvingar, evaluering og feedback.
_Forfriskande praksis i staden for lammande teori!_
Kurset vert på Kulleseidkanalen i Stova oppe. Pris kr. 2380,- (inkludert fylt focaccia)
Bindande påmelding innan 12.4.2023 til heidi@bomlonr.no.