← Alle hendingar

Møte

Politisk debatt - Finnås

Kulleseidkanalen Gjestehamn inviterer denne kvelden bygdafolk, lokalt næringsliv og kommunepolitikarar til debatt på kanalen:

**⁠Korleis kan me legge til rette og utvikle Finnås til å bli eit meir attraktivt og levande lokalsenter?**

Finnåsbygda har nemleg sidan 90-talet hatt ein svak nedgang i folketal. Samstundes har innbyggjarane gjennom Bømlaundersøkinga løfta fram Finnås som ein svært god stad å leve, og der ein opplever godt samhald mellom innbyggjarane. Unge som har svara, peikar på at dei ønskjer å busette seg i bygda når dei vert vaksne. Likevel går altså talet på innbyggjarar ned, noko som er uheldig for heile Bømlo.

Kva er bra med Finnås i dag? Kva seier ekspertane på kva som skal til for å utvikle attraktive stader å bu? Og kva tenkjer politikarane dei kan bidra med, for å leggje godt til rette for å utvikle Finnås til å bli eit meir attraktivt og levande lokalsenter? Gå ikkje glipp av viktige presentasjonar og gode diskusjonar i gjestehamna denne kvelden!

- 18:00: Kjøp av kaffi og noko attåt

- 18:45: Arrangementet startar

- Velkommen ved Kulleseidkanalen Gjestehavn - Finnås i dag v/Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter - Tilflyttarstrategi: Aslaug Tveit, dagleg leiar i LÉVA Urban Design, presenterer resultat frå Bømlo og Finnås, og tankar kring korleis skape eit meir levande Finnås sentrum - Pause - Politikardebatt, fasilitert av Astrid Kjellevold, dagleg leiar Atheno

- 21.30: Arrangementet er ferdig.

Vel møtt til Kulleseidkanalen Gjestehamn!