Møte
Utvida presentasjon av tilflyttarstrategien
Aslaug Tveit frå LEVA Urban Design kjem til Bømlo og presenterer [tilflyttarstrategien](https://www.tilflyttarstrategi.no/ "https://www.tilflyttarstrategi.no/") i sin heilskap. Her vil de få eit detaljert innblikk i kunnskapsgrunnlagt, resultat frå spørreundersøking, arbeidet utført, og klåre tilrådingar på kva me må arbeide vidare med for å bli ein enno meir attraktiv stad å bu!
Det blir òg innspel og kommentarar frå fleire på scena denne kvelden, og fokuset er altså kva som skal til for å få fleire til å busette seg på Bømlo.
I tillegg kjem kommunen for å dele litt informasjon rundt pågåande planarbeid.
[Meld deg på ved å trykke på denne lenka.](https://forms.office.com/e/TnbDy6z8D0 "https://forms.office.com/e/TnbDy6z8D0")
Det vert i litlesalen, og er om lag 100 plassar. Alle kan melde seg på fram til det vert fullteikna.