Møte
Sparebank 1 Sør-Norge Forretningspartner inviterer til frukostmøte om rekneskap
Visste du at rekneskapet ditt er meir enn berre tal – det er nøkkelen til korleis banken vurderer di verksemd? Lånevilkår, rentenivå og finansieringsmoglegheiter kan i stor grad avhenge av korleis verksemda si økonomi framstår i rekneskapet.
**Frukostmøtet gir deg innsikt i:**
- Korleis bankar vurderer rekneskapet ditt ved lånesøknader - Tips for å betre lønnsemda og presentasjonen av verdiane i rekneskapet ditt - Korleis god økonomistyring kan senke renta på lån - Vanlege fallgruver i rekneskapet som kan koste deg dyrt
Enten du planlegg investeringar, ønskjer å forhandle om betre lånebetingelsar, eller berre vil forstå kva som ligg bak bankens vurderingar, er dette frokostmøtet for deg.
Få konkrete råd frå Morten Stephansen, som jobbar i vår Consulting-avdeling. Du vil ha høve til å stille spørsmål som kan gjere ein forskjell for di verksemd.
**Dato**: 30. januar **Tid**: Mingling og frokostservering frå 08.00, varer til ca. 10.00. **Stad**: SpareBank 1 Sør-Noreg, avd. Stord. Ringvegen 31, 5412 Stord [Påmelding her!](https://www.sparebank1.no/nb/sr-bank/bedrift/kundeservice/bestill/Frokostmote.html?cid=social;;naringsforening;;frokostmote_stord;;forretningspartner "https://www.sparebank1.no/nb/sr-bank/bedrift/kundeservice/bestill/Frokostmote.html?cid=social;;naringsforening;;frokostmote_stord;;forretningspartner")
Velkomen til frokostmøte, me gler oss til å sjå deg!