Kurs
Frukostmøte og kurs i Kunnskapssmia
## Frukostmøte
Velkommen til årets første frukostmøte, som denne gongen finn stad i Kunnskapssmia på Rubbestadneset, der LOS Gruppen er vertskap. Frukostmøtet er gratis og for alle medlemmar i Bømlo Næringsråd.
**Program**:
- 08.00: Frukostservering
- 08.25: Velkommen v/ Ragnfrid Sønstabø, Bømlo Næringsråd
- 08.30: Presentasjonar frå Zinus, Rubb Eiendom og LOS Gruppen
- 09.10: Foredrag om kunstig intelligens v/ Gaute Lund, Iteam
- Merk: Dette foredraget liknar det me hadde om AI i 2024, men med nokre oppdateringar. Passar godt for deg som vil friska opp kunnskapen, eller som ikkje fekk delta i fjor.
Frukostmøtet blir avslutta kl. 10.20.
## Kurs
Etter frukostmøtet, frå kl. 10.30 til 14.00, inviterer Iteam i samarbeid med LOS Gruppen til eit praktisk kurs om kunstig intelligens. Kurset tek for seg blant anna bruken av**Co-pilot**, **faremoment**, og **kor viktig AI er i dagens arbeidskvardag.**
Pris: kr 1500,- + mva per deltakar. Lunsj er inkludert.
## Påmelding
Send påmelding til [terje.sersten@los-elektro.no](mailto:terje.sersten@los-elektro.no "mailto:terje.sersten@los-elektro.no") innan 23. april. **Oppgi:**
- Namn på deltakar - Firma - Eventuelt allergener - Fakturainformasjon (dersom du melder deg på kurset)
**NB: Hugs å spesifisera om du deltek på:**
- Kun frukostmøtet (gratis) - Både frukostmøte og kurs (kr 1500,- + mva)