Møte
Valkampmobilisering i Moster Amfi
**Velkomen til Valkampmobilisering – i Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter, laurdag 14. juni 2025!**
I samband med «Valkampmobilisering» fram mot stortingsvalet hausten 2025, er alle politiske parti i Sunnhordland klar til å ha stand i Moster Amfi 14. juni 2025.
Partia er oppmoda til å invitere sine politiske representantar som står på val i 2025 til å vere med å delta i debattane denne dagen. Alle partia er representerte i svalgangen i Moster Amfi. Der kan du prata og diskutera med representantane frå dei ulike partia om viktige saker og spørsmål.
Dagen er spekka med gratis underhaldning for store og små! Morild - Barnemusikkfestival opnar med barnekonsert på hellene framfor scena i uteamfiet. Kaféen i amfiet vil vere open under heile arrangementet. Det er blir foredrag og debattar og Erik Wold stiller som moderator/ debattleiar.
**Tentativt program:** 11:00 Dørene opnar
12-12:45: Morild – Barnemusikkfestival - Trio Tunnel - Endre Olsen, Roald Kaldestad og Jørgen Sandvik (Knutsen og Ludvigsen låtar) - Morild organiserer leikar, loddsal og ansiktsmaling for ungar Politiske debattar: Erik Wold stiller som moderator/ debattleiar
13:00-14:00 Samtale: Psykisk helse/ inkludering/ utenforskap - Innlegg: Bjarte Tjensvoll Notland (AuF Bømlo) Bømlo ungdomsråd - Rikspolitiske representanter: o Partia vert utfordra på å stille med relevante reprentantar o Førebel bekrefta: Aleksander Papas (Sv)
14:30-15:30: Innlegg frå initiativ Vestland – Mathias Fisher (ikkje endeleg bekrefta) Debatt: Korleis set me Vestlandet på kartet i den kommande 4-årsperioden? o Partia er utfordra på å stille med relevante reprentantar o Førebel bekrefta: Liv Kari Eskeland (H), Odd Harald Hovland (Ap), Simon Nesse Økland (Bremnes Seashore), Øyvind Halleraker (Stavanger2Bergen), Arne Hammer (Aker Solutions),
Kl.16:00-17:00: Foredrag og vidare debatt: Norge i globalt perspektiv (sikkerheit/ beredskap) - Hilmar Mjelde (HVL) Debatt med nasjonale politikarar
Arrangementet er gratis.
_Arr: Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter Morild_