Kurs
Styrekurs del 2, Atheno
Styrekurs del 2 som vert arrangert 27. november er fullteikna. Me vel difor å sette opp eit nytt kurs 15. januar 2026. Det er avgrensa med plasser så ver rask med påmelding om dette er av interesse.
Atheno inviterer til del 2 av våre praktiske styrekurs, med fokus på økonomi og økonomistyring for aksjeselskap. Gjennom konkrete eksempel, nyttige verktøy og oppdaterte regelverk får du innsikt i alt frå rekneskap og budsjettering til likviditetsstyring, årsoppgjer og utbytte.
Kurset høver for styremedlemmer, daglege leiarar og eigarar i små og mellomstore aksjeselskap som vil styrke sin økonomiforståing, sikre god styring og ta betre beslutningar på bakgrunn av tal.
**Tema:**
•Rekneskap og rekneskapføring – ei kort innføring
•Treng du ekstern rekneskapsførar? Kva kan moderne rekneskapssystem og AI gjera for deg?
•Budsjett og prognosar
•Rekneskap og balanse – kva skal du sjå etter?
•Likviditet og lividitetsstyring
•Årsoppgjer og årsoppgjersdisposisjonar
•Revisor? kva, når og korleis?
•Generalforsamling – ordinær og når ekstraordinær?
•Utbytte og styrehonorar
•Offentleg rapportering
**Tid:** Torsdag 15. januar 2026 kl. 09-14.30
**Stad:** Vabakkjen 6 (Atheno sine kontorlokale)
**Pris:** Kr. 2500 eks.mva pr person (inkludert lunsj)(Bindande påmelding)
**Kurshaldar:** Lars Solberg, styreleiar i Atheno
**Ta kontakt med Reidun Rykkje på epost**[**reidun@atheno.no**](mailto:reidun@atheno.no "mailto:reidun@atheno.no")**for påmelding eller meir informasjon.**