Anna
Utstilling: Dopper
Bømlo Kunstlag si kunstutstilling i haust er med kunstnarane Ane Rønningen Stautland og Isar Steinn Eyvarsson. Dei presenterer utstillinga «Dopper» i Bømlo Kulturhus i oktober. Utstillinga er eit resultat frå eit fleire år langt eksperimentelt samarbeid mellom dans og biletkunst. Gjennom ein tverrkunstnarisk prosess har dei to unge kunstnarane undersøkt kva som skjer når kroppen og måleriet får smelte saman. På trass av ulike bakgrunnar, Ane frå samtidsdans og Isar frå biletkunst, deler dei ein felles kunstnarleg drivkraft: å utforske, eksperimentere og skape. Kan intensjonen, energien og den levande bevegelsen bli preservert i målinga? Kva skjer med utrykket når ein bevegelse blir stilla med tida? Den kunstnarlege prosessen har blitt dokumentert i ein kortfilm laga av Elisabeth Guarion, som vil bli vist gjennom heile utstillingsperioden. Ane og Isar ynskjer alle hjarteleg velkommen til utstilling!
Utstillinga opnar laurdag 03.10.26 kl 14.00. Kunstnarane er til stades på opninga. Velkommen!