Sport
Volleyball (jenter 8.-10. kl)
På treningane er det fokus på både teknisk utvikling, samarbeid og speleglede. Her får deltakarane læra grunnleggjande ferdigheiter som serv, mottak, fingerslag og smash, samtidig som dei utviklar koordinasjon, styrke og lagkjensle.
Volleyball passar både for deg som har spelt før og for deg som ønskjer å prøva noko nytt. Målet er å skapa eit sosialt og inkluderande miljø der alle får oppleva meistring og trivsel.