Sport
Badminton 6 - 16 år
Hos oss er alle velkomne, enten du er nybyrjar og ønskjer å prøva ein ny aktivitet, eller du har erfaring frå før. Treningane blir tilpassa alder og nivå, med fokus på meistring, utvikling og eit godt sosialt miljø. Har du lyst til å prøva badminton? Ta gjerne kontakt med badmintongruppa eller møt opp på trening. Du treng ikkje anna enn vanlege treningsklede og innesko første gong.