Sport · Bremnes
Seniortrim 65+
Treninga er fredager frå kl 14:15-15:15. Då kjører me ein god trening med fokus på styrke av kjernemuskulatur, balanse og litt pulstrening. Alle som er med på trening kjører i sitt eige tempo og er med på det dei klarer. Dette har instruktøren fokus på, slik at alle kan være med. Det vert tilrettelagt for dei som evt treng stol o.l. . Aldersgruppa som er med er frå ca 62-82 år. Gruppa består av både menn og kvinner frå heile Bømlo. Etter trening så samlast me for litt frukt, kaffi, te og god drøs. Dette er ein veldig fin og sosial gjeng, som har det kjekt ilag. Ein betalar medlemskontingent til BIL kr. 300,-/år og kr. 75,- per gong ein er med, evt kr. 210/mnd.